Enklare å kombinere dagpengar med opplæring

28.04.2020

Pressemelding fra Regjeringen

Koronakrisa har gjort at historisk mange har søkt om dagpengar den siste tida, dei fleste fordi dei er blitt permitterte. No opnar regjeringa for at det vert enklare å ta utdanning medan ein mottek dagpengar.

Den nye midlertidige ordninga gjer at alle som kryssar av for opplæring på meldekortet hos Nav får utbetalt dagpengar som vanleg. Tidlegare måtte ein søke om å kombinere opplæring med dagpengar og få dette godkjent.

Ordninga gjeld alle typar kurs og opplæring.

- Mange av dei som no ufrivillig står utanfor arbeidslivet ønskjer å bruke tida på å sørge for at dei har relevant og tidsriktig kunnskap når dei etterkvart skal tilbake til den gamle jobben sin. Samtidig er mange avhengige av dagpengeutbetalingane for å få kvardagen til å gå opp. Denne løysinga vil vere bra både for den enkelte arbeidstakar, for arbeidsgjevarar og samfunnet i stort, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.

Med den midlertidige ordninga vil det også vere mogleg for folk som frå før kombinerer jobb og utdanning å fortsette opplæringa sjølv om dei har mista jobben eller blir permitterte. Dette vil ikkje gå utover dagpengeutbetalinga deira.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim er nøgd med oppmjukinga av dagpengeregelverket:

- Det er ingen tvil om at hundretusenvis av menneske som no er permitterte eller ledige er usikre på arbeidssituasjonen framover. Målet mitt er at vi så raskt som mogleg skal tilbake til normalen, og at jobbane deira framleis er der når vi kjem oss over på andre sida av krisa. I mellomtida må me sørge for at vi rustar folk betre for arbeidslivet som ventar. Derfor er eg veldig nøgd med at vi har landa på ei justering i regelverket som gjer det mogleg å kombinere faglig påfyll med dagpengar, seier Henrik Asheim.

Sjølv om ein no kan ta utdanning og samtidig få dagpengar, er det framleis krav om at ein samtidig må vere aktiv jobbsøkar og om at ein må vere tilgjengelig dersom ein skulle få ny jobb. Det betyr at ordninga gjeld for dei som er permitterte og arbeidsledige som mottar dagpengar, og ikkje for studentar som mottar støtte frå Lånekassen.

Dersom dagpengemottakaren har starta på eit lengre opplæringsløp og framleis er utan arbeid på det tidspunktet denne midlertidige ordninga opphøyrer 1. september, må dagpengemottakaren rekne med å måtte søke om å kombinere dagpengar og utdanning etter dei ordinære unntaksreglane.

Forskrifta gjeld frå 20. april til 1. september.